KYRKJEBURSDAG- Pinsegudsteneste
 


KYRKJEBURSDAG- Pinsegudsteneste
KYRKJEBURSDAG- Pinsegudsteneste

Kyrkjebursdag- 1. pinsedag 2018

Forventningsfulle born og vaksne kom til kyrkje for å feira kyrkja sin bursdag 1. pinsedag. Alle i 2. klasse var spesielt inviterte, og i invitasjonen var dei beden om å ta med eit bilete frå dåpsdagen sin. Mange hadde med seg bilete som me hengte til pynt i kyrkja, ja, ein hadde til og med eit lite album med bilete frå besteforeldra sin dåpsdag. "Måne og sol vindar og hav» tona høgt og klangfult ut i kyrkjerommet som opning salme.Marit prest fortalte om den heilage ande som kom til apostlane og som var orsaka til at me fekk vera med å feira kyrkja sin bursdag. Me song truvedkjenning salmen «Gud skapte lyset og livet og meg»  før me les «Fader vår» som bordbønn. Ja, for me skulle sjølvsagt eta ilag som seg hør og bør i ein bursdagsfest.

No var det på tide å få røra litt på seg, det er ikkje alltid  lika lett å sitja lenge i ro i ein kyrkjebenk verken for små eller store. Organisten vår, Andrè, hadde sett saman eit knippe av kjekke songar, «Hovud skulder kne og tå», «Er du veldig glad og vet det, ja så klapp» og mange fleire. Medan « serveringsfolka» gjorde seg klar med maten song me «Vennefloken» og benka oss rundt festkledde bord. Hot Dogs og saft, deilig kaker og kaffi kom på bordet. Ummm , tenk å få både mat og åndelig føda på ein gong. Det var mange fornøyde fjes å sjå, både med og utan ketchup og sjokoladekrem!

Og medan Marit prest lyste velsigninga , så dalte den ned som ballongar frå preikestolen over oss.Me gjekk ut medan me song «Vi syng med takk og glede».Ute i våpenhuset stilte me oss opp og song Bursdagssongen for kyrkja, og plutselig såg me ei «Pinata-dua» som dalte ned . Borna fekk etter tur prøva å slå hål på den, og etter iherdige forsøk gjekk den sund og mengder med «Godteri» rand utav den. Heldige var dei som hadde funne vegen til kyrkja denne pinsedagen. Med lommene fulle av snop og famnen full av ballongar takka dei glad for seg før dei sprang ut i den sol fylte mai dagen.



14. november 2019 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando