GENERASJONSGUDSTENESTE
 


GENERASJONSGUDSTENESTE
GENERASJONSGUDSTENESTE

Tett på femti små og store hadde funne vegen til Uggdal Kyrkje og Generasjonsgudstenesta denne nydelige sol fylte onsdags føremiddag. Dei fleste fann seg ein plass på golvet oppå putene fremst i kyrkja. Organist André Eide spelt eit trillande flott preludium før Heidi , som leia gudstenesta, song vel møtt til alle, og kvart einskilt barn vart helst velkommen med tromming og song. Gudstenesta var spesielt tilrettelagt for babyar og born, med mykje song, dans og musikk noko som såg ut til å fengja både små og store. Dei som sat i benkene våga seg ut i midtgongen og dansa «Babysamba» ilagmed borna. «BomChicka» var veldig populært blant dei heilt minste, det var mykje glad barnelatter å høyra. Heidi undra seg over kor stor trua måtte vera og om den var stor nok eller god nok for Gud? Ho fortalde om då Jesus velsigna borna og at kvar einskild av oss er god nok nett slik me er av di me er eineståande for Gud uansett om me har stor eller lita tru, om me er flinke eller om me syngje fint nok. Ho avslutta med at alle peika på sidemannen sin og song: «Du er du og du er god nok!» Alle var med å song truvedkjenningsongen Måne og sol . Klokker Helge Olav og Arne fekk oss til å syngja med på populære «Haba Haba» og ein roligare bånsull. André spelte piano og me song både «Ro ro til fiskeskjær «og «Min båt er så liten» før me avslutta med «Må din veg koma deg til møtes» og fekk velsignelsa blåst over oss med vakre såpebobler . Det vart servert bollar, kjeks ,saft og kaffi, noko som smakte godt etter all songen og dansinga. Folk stoppa på og koste seg med prat og borna fekk leika seg litt ekstra før dei gjekk ut i sommardagen.



14. november 2019 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando