KRØLLEKVELD
 


KRØLLEKVELD
KRØLLEKVELD

Krøllekveld tysdag 30. oktober 2018

Tysdag 30. oktober blei Tysnes kyrkje fylt av små spente 2 åringar og nesten lika spente foreldre, besteforeldre og små og store søsken. For ikkje å snakka om oss som tok imot dei og skulle gje dei ei fin stund i kyrkja.

Sidan dei fleste kom rett frå barnehagen hadde me hot dog  og saft klar til dei.  Alle fungera best på full mage!

Etter ei koseleg matøkt,  der praten gjekk lett,  var det klart for  Krøllehistoria og litt song. Alle fekk tenna eit lys i lysgloben før me song  «Dette lille lyset mitt»,  « Min båt er så liten» og  «Bæ, bæ lille lam».

Me fekk så høyra historia om  gjetaren som hadde 100 sauer og som mangla ein sau då han skulle telja dei. Huff og huff, det var vesle Krølle som var komme bort frå flokken. Heldigvis var det mange som kunne vera med å hjelpa gjetaren å leita etter Krølle som var gått seg bort. Etter ein intens leiteaksjon med både rop og song vart Krølle funnet, heldigvis i god behald.  Då blei me alle kjempeglad, ja ,me måtte beint ta oss ein dans og feira det med peparkaker.

Som avslutning song me «Kjære Gud eg har det godt». Fornøyde 2 åringar gjekk heim med si eige Krøllebok i handa.

 



14. november 2019 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando