LYS VAKEN
 


LYS VAKEN
LYS VAKEN

LYS VAKEN HELG 20. – 21. 10 2018

 

Femten 4. klassingar kom til Reksteren kyrkje for å vera med på ei spanande Lys vaken helg laurdag 20. oktober.  Det blei både spanande, song rikt og kjekt for både dei og oss litt eldre som var med.

Me  skulle øva inn to heilt nye songar til Gudstenesta på søndag,  men organisten vår André losa oss trygt igjennom det. Det var ukjende songar for oss med mykje tekst, men borna tok det på strak arm og det varte ikkje lenge før dei kunne den.  Me måtte berre få opp volumet og det var det ein far som heia oss fram til. Gudstenesta måtte Marit ha hjelp til å laga så nokon hjelpte til med å dramatisera preika, medan andre leste dagens tekst som handla om Samuel som blei kalla av Gud i tempelet og som var Lys vaken for Guds ord.

Me bretta papirfly for harda livet som skulle sendast ned over menigheten  under forbøna. Tre av  konfirmantane  var med begge dagane og hjelpte oss både med dette og laurdagskveld  og søndag,  to av dei sov i Kyrkja ilagmed oss.

Me gjekk i flokk og følgje med refleksvestar sponsa av Tysnes kraftlag/BKK fram og tilbake til Kultuthuset der me fekk servert Taco  om kvelden.  Lena hadde tromma saman nesten heile familien sin og lagde både Taco og nydelig frukost søndag morgon. Ho er eit unikum av eit JA menneske!!

Det blei ei intens og gøy trimøkt med Marit Nancy før me roa oss ned og malte på krus. Tilbake i kyrkja var det tid for bål brenning, leik og opp sending av ei kinesisk lykt. Jammen var me maks heldig med veret, regnet kom ikkje før me var klart for å gå inn i kyrkja. Ein god natt historie blei fortalt før me slokna  og sov medan trauste nattevaktar passa på oss.

Gudstenesta på søndagen vart så flott som me håpa og endå litt til. Alle gjorde ein flott innsats.



10. desember 2019 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando