"Min bildebibel" for 4 åringane
 


"Min bildebibel" for 4 åringane
"Min bildebibel" for 4 åringane

 

 

Søndag 11.11. var alle 4 åringane invitert til Tysnes kyrkje for å få  utdelt «Min bildebibel» Men allereie onsdag 7.11. var det klart for ein førkveld for alle 4 åringar i Tysnes kyrkje.

Heidi yngste tjuefire spente  4 åringar velkomne til kyrkja denne onsdagsettermiddagen. Det første som stod på programmet var hotdogs og saft , og det smakte godt, især for dei som kom rett frå barnehagen. Marit prest fortalde om kyrkjerommet og om dei forskjellige liturgiske fargane i kyrkja. Det passa veldig godt at det er fire farger sidan borna var 4 år. Alle som ville fekk prøva prestekjolen og velja kva farge dei ville ha på stolaen. Mange foreldre nytta sjansen og tok eit bilde av kommande prestespirer. Dei fekk også høyra om dåpen, skipet og om orgelet.

Me øvde på preika til søndag, med å laga bølgjer av ei gardin med ballongar oppi. Veldig populært og veldig god og intens innsats frå 4 åringane. Me måtte også øva inn to songar som me fekk tonefølgje av Andre til.

Heidi fortalde skapning historia og om at Gud synest kvar og ein av oss er eineståande og det aller største skatten.

Så var det klart for skattejakt, noko mange hadde venta lenge på. Det var stor iver og god innsats, blant anna måtte me syngja «Kven har skapt alle blomane», før me gjekk til døypefonten og fekk sjå i ein spegel den største skatten, nemlig deg og meg som gud har skapt. Men sjølvsagt måtte dei få ein godis å tyggja på, så tilslutt fekk alle seigmenn før me avslutta kvelden.

Søndag kom den eine forventningsfulle 4 åringen føre den hin til kyrkje. Endelig skulle dei på Bildebibelen sin. Men først skulle me få vera med på to ekta dåp av to små gutar. Marit hadde tråkla saman fleire gardiner til ein stor Genesaretsjø, med båt, ein blå ballong som skulle vera Peter, som skulle ha tru nok til å gå på vatnet, og ein ballong som skulle symbolisera Jesus. Alle 4 åringane med foreldre lagde så store bølgjer som dei klarte medan me song «Stor bølgje, liten bølgje» og «Når det stormar». Ei fantastisk flott oppleving.

Etter kvart som dei fekk namnet sitt opp ropt kom 4 åringane fram og fekk «Min bildebibel», dei sette seg ned i koret og såg i bibelen sin medan me song «Kven har skapt alle blomane».

Ei flott gudsteneste der borna blei tatt på alvor og fekk vera med å bidra, slik at det blei ei fin oppleving for både dei og oss andre som var til stades i kyrkja.



14. november 2019 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando