TÅRNAGENTHELG 2. - og 3. mars 2019
 


TÅRNAGENTHELG 2. - og 3. mars 2019
TÅRNAGENTHELG 2. - og 3. mars 2019

TÅRNAGENTHELG 2.- og 3. mars 2019

 

 

Siste helga i vinterferien var det duka for årets tårnagenthelg.  Seksten forventningsfulle tårnagentar kom til kyrkje denne laurdagen for å leita etter spor og symbol, og for å løysa mysterium i kyrkja.

Ein og ein fekk dei passord kviskra i øyra før dei gjekk inn i kyrkjeskipet og skulle finna fram i labyrinten, og komma seg heilt fram til alteret og preikestolen. Her måtte dei ha auge og hovudet på plass , men som smarte agentar klarte dei oppgåva, og alle huska passordet når dei kom fram.

Ein god agent tenker og fungerer best på full mage, hot dogs og saft stod på menyen og det smakte godt for oss alle. Agentane hadde både agent nummer og hemmelege teikn som dei viste oss før Marit prest fortalde om symbol og teikn og betydinga av dei. Agentane var lydhøre og viste allereie om fleire symbol og teikn som var i kyrkja. Me hadde vore så heldige å fått ein heilt ekta agent til å komma på besøk. Han kom med mange lure og nyttige tips , både om å leita etter spor, fingeravtrykk og om mystiske personar. Etter ein symbol quiz, delte me oss i grupper, og utstyrt med papir og blyant og sjølvsagt lommelykter, klatra me opp i tårnet.  Me skulle leita etter både levande og døde flaggermyser og bokstavar, som skulle setjast saman til eit ord. Tårnet er ganske skummelt,  med bratte trapper og stegar, mørke krokar , spindelvev og støv. Jammen bra med hadde mange flinke foreldrevakter med oss som passa på at alt gjekk bra.

Tårnagentsongen skulle no øvast inn, og det var slettes ikkje noko lett sak, her måtte me ha tunga beint i munnen , men organisten vår André var tolmodig og loste oss gjennom både song og repp.  Tårnagentane var flinke til å syngja, og det varte ikkje lenge før song og repp satt som eit skot. No var det tid for å forbereda gudstenesta, dei som ville fekk vera med å mala dagens tekst inn i eit heilt nytt alterbilde. Nokon klypte ut uttallege magiske blomster til bønnevandringa og andre bygde Lego. Før me gjekk heim etter ein travel, men utruleg kjekk tårnagentlaurdag øvde me på tårnagentsongen.

I Gudstenesta på søndag tok tårnagentane ansvar og song tårnagentsongen som aldri før, dei hjelpte til med program utdeling, leste dagens tekst, viste femteiknsbønna og hjelpte til under bønnevandringa. Gudstenesta og helga vart avslutta på magisk vis med at nokre av agentane stod i alter ringen og lyste velsigninga ilagmed Marit prest.



14. november 2019 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando