KYRKJEBURSDAG
 


KYRKJEBURSDAG
KYRKJEBURSDAG

Sola skein og alt låg til rette for ein fin Kyrkjebursdags feiring i Uggdal kyrkje andre pinse dag.

Etter kvart som borna kom til kyrkje fekk dei tips om å leita etter Jesusbilder i kyrkja . Nokon fann eit og andre fann mange.

Marit prest prata med borna om Jesus og livet hans her nede på jorda.  Ho lurte på om det var nokon som hadde funne eit bilde frå Jesu fødsel? Mange rekte ivrig fram bilde som dei hadde funne, ho gjekk gjennom livet hans og mange fekk visa bilda sine både av korsfestinga, oppstoda, himmelfarten og av den heilage ande. Det var den heilage ande som var orsakinga til at kyrka blei bygd og at me i dag fekk vera med å feira kyrkja sin bursdag som også er litt vår bursdag.

Barnekoret song med stor glede og innlevelse gjennom heila gudstenesta.

Sjølvsagt vart det pølse, saft, bollar og kaker å få, det var jo ein heilt ekte bursdagsfest me var i.

 Barnekoret song og velsigninga dalte som fargerike ballongar ned over oss. Kyrkjelyden gjekk ut, laga ein ring rundt kyrkja og song bursdagssongen før me gjekk inn igjen. Og der; i våpenhuset hang ein fargerik flott og stappa full Pinata fisk. Dei som går i 2. klasse fekk ein etter ein prøva å slå hol på pinataen. Tilslutt datt den ned og ut kom det mykje godteri. Mange gjekk fornøyde heim denne pinse dagen med ballongar og snop i hendene.



10. desember 2019 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando