4 og 6 ÅRS SAMLING
 


4 og 6 ÅRS SAMLING
4 og 6 ÅRS SAMLING

.

Fjorten 6 åringar var påmeldt til årets seks års samling i Tysnes bedehus onsdag 25. september. Men ytterlig  fire born kom og ville vera med. Det gjekk fint for me hadde handla inn ekstra pølser sidan det skulle vera samling for 4 åringane seinare på dagen.

Anne Merete ønskte oss velkomne, og me fekk alle vera med å klappa takten i alle  namnet vårt. Veldig populært, dei var godt konsentrert og ivrig etter å få vita kor mange klapp deira namn hadde.

Det å vera venner og ha ein god venn og at Jesus er vår venn var ein raud trå gjennom heile samlinga, noko både Anne Meret og Reidunn klarte på ein flott måte å formidla til borna. Seksåringane viste godt kva det ville seia å vera venner og kor viktig det var å bli venner igjen om ein vart litt ueinig.

Pølse og saft smaka godt i pausen, ein blir tyst og svolten av å leika dyre lyd leiken. Helga og Torill sytte for at alle fekk både mat og drikke.

 Etter mat fortalde Anne Merete frå boka som 6 åringane skulle få utdelt i gudstenesta på søndag. Ja, det var så levande og godt fortalt at til og med dei med mest «makk» i baken sat stille.

Så bar det til kyrkje for å bli litt kjent der . Marit prest fortalde om dåpen, og nokre av seksåringane fekk bera ei dukke til dåpen medan alle me andre var fadrar og vitne. Og så øvde me på songen «Jesus er vår venn» og på BliM dansen som me skulle framføra i gudstenesta på søndagen.  Det var noko dei synest var gøy.

Tilbake i bedehuset var det tid for å jobba i arbeidsbøkene og flotte fruktfat vart satt stor pris på av ivrige 6 åringar.

Som avslutning fortalde Reidunn om Borna som læresveinane viste bort frå Jesus. Men Jesus ville at alle, alle småborna måtte komma til han og bli velsigna. Det er alltid lika populært når Reidun viser denne bibelforteljinga på flanellograf.

Og sjølvsagt  øvde me meir på «Jesus er vår venn» songen  .

Tida fauk og plutselig var foreldra der for å henta sine.

Takk for ein flott dag ilagmed gode leiarar og flotte 6 åringar.

Seinare på dagen var det klart for 4 års samling i Tysnes kyrkje. Det kom ikkje så mange, men dei som kom hadde det veldig kjekt. Det blei både oppdagingstur i kyrkja, ein bibelhistorie, song, hot dogs og ei spanande skattejakt.

Ein kjekk ettermidag, ja, det er alltid lika kjekt å få besøk av 4 åringar i kyrkja.

Dei seksåringane som hadde anledning kom til gudsteneste på søndag 29.09. og fekk utdelt si eiga 6 årsbok. Alle 4 åringane i kommunen var også invitert til å komma å få «Biletbibelen» sin.  Dei som ikkje hadde anledning til å komma i kyrkja å få boka si er hjarteleg velkomne til å komma innom kyrkjekontoret og henta den der.



10. desember 2019 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando