TACOKVELD
 


TACOKVELD
TACOKVELD

TACOKVELD I ONARHEIM KYRKJE 18. OKTOBER 2019

 

Endelig var det klart for Tacokveld med konfirmantar 2020 og dei som vart konfirmert våren 2019.

Ungdommane var nok lika spent på kveldens program som Marit og underteikna var.

Marit kjørte i gong med å intervjua dei gamle konfirmantane. Dei slengte seg oppi sofaen, som for anledninga var plassert på det nye flotte kor golvet i kyrkja. Utruleg kor mange konfirmantar som får plass i ein toseter!! Alle fekk svara på spørsmåla hennar, nokon svarte kort og konsist, andre hadde meir utfyllande svar, og andre igjen lurte på kva spørsmålet var igjen?  Kvifor dei hadde konfirmert seg og kva dei huskar frå undervisninga, og kva som var det kjekkaste i konfirmant året, var nokon av spørsmåla. Dei svara bl.a at dei hadde komme nærmare Gud og Jesus, at leiren var kjekkaste og veit ikkje.

Så var det klart for «Grip mikrofonen». Andre Eide spelt ein melodi, og den som fyrst fekk fatt i mikrofonen og kunne songen fekk eit poeng. Det er sandelig ikkje lika lett å huska tekst og refreng fordi om ein gjenkjenner melodien!

I mellomtida hadde tre sporty hjelparar, stor takk til dei, dekka bordet med taco, pølser og brus. Trur det var på tide med mat til skrubbsvoltne ungdommar og oss litt vaksnare ungdommar. Det smakte veldig godt og eg trur alle blei mett og vel så det.

No var det speletid. Me hadde kjøpt inn diverse spel så ungdommane kunne velja i. Dei fleste krokane vart tatt i bruk og praten gjekk.

Ein Quiz med ikkje berre «Jesus spørsmål» vart delt ut og nokon samla godt med poeng. Tilslutt fortalde Marit historia om Tigeren og stripene.

Og ja, me hadde meir song, både allsong og fleire omgangar med «Grip Mikrofonen».

Ein særs vellykka kveld som med fordel kan gjetas ein annan gong.

Takk til alle som var med å bidrog.



10. desember 2019 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando