Tysneskyrkjelydane

 

 

 

     

Uggdal kyrkje                                                   Reksteren kyrkje                Tysnes kyrkje                     Onarheim kyrkje

Saman i tru håp og kjærleik.

Tysneskyrkjelydane skal syte for at kyrkja er nærværande mellom folket i Tysnes
slik at trua kan spire, håpet kan vekse og kjærleiken gro.


                                                                                            Dette målet søkjer vi å oppnå ved ulike verksemder på ulike arenaer.

Vi gjer det gjennom gudstenestelivet som trutt og trufast går sin gang gjennom kyrkjeåret. Klokkene kallar kyrkjelydane saman til gudsteneste. Nokre ganger til fullt hus, andre ganger til glisne benkerader. Alltid held vi elden tend på altaret, alltid stig lovsang opp, alltid lyder Gudsordet og alltid vert trua vår vedkjend

Vi gjer det gjennom dei kyrkjelege handlingane der vi møter menneske i kvardag og fest, i sorg og glede i ulike faser i livet. Det er dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd


Vi gjer det gjennom trusopplæringsprogrammet
vårt: «TOPP i Tysnes» der vi ved bruk av ulike tiltak møter alle døypte gjennom oppveksten med tilbod om opplæring i den trua dei er døypte til slik at dei kan lære Jesus betre å kjenne

Vi gjer det gjennom kyrkjelydsarbeid for born og unge, vaksne og eldre der vi skapar møtestader for tru og tvil, for kunst og kultur, for felleskap og undervisning, der vi rettar ut ei hjelpande hand og syner omsorg for kvarandre

                                                                Alt dette for at Jesus skal bli meir synleg mellom oss i tru, håp og kjærleik! 



Om styre og råd

Fellesrådet
Fellesrådet er sett saman av to medlemmer frå kvart sokneråd, saman med sokneprest og ein kommunal representant. Rådet har ansvar for økonomistyringa i prestegjeldet, for vedlikehald av kyrkjene og kyrkjegardane, og har tilsetjings- og arbeidsgjvaransvar for dei kyrkjeleg tilsette (med unntak av prest).

Leiv Magne Hovland
Anne-Margrete Aas Malkenes
Linbjørg Lunde
Turid Pollestad
Endre O. Epland
Jan Økland
Marit Isaksen Espedalen, sokneprest
Kjetil Hestad, kommunerepresentant



Sokneråda

Sokneråda har ansvar for det åndelege livet i soknet, dei har avgjerdsmynde i ein del saker som gjeld gudstenester, og dei har ansvar for aktiviteten i kyrkja, m.a. er det dei som avgjer saker om utleige. Plan for konfirmantopplæringa vert fastsett av sokneråda, og dei har også ansvar for dåpsopplæring og diakoni. Arbeidsfelta er med andre ord mange og utfordrande. Dei sokneråda som vart valde hausten 2011 er valde for perioden 1. oktober 2011 - 31. desember 2015.

Tysnes sokneråd
Hildur Heie, leiar
Ingvild Aslaksen Hustad
Eli Johnsen
Anne-Margrete Aas Malkenes
Linbjørg Lunde
Arnhild Sletteskog Lunde
Kjell Asbjørn Auran, 1.vara

 

Uggdal og Reksteren sokneråd
Erna Drange, leiar
Eirik Sunde
Annlaug Flornes
Endre O. Epland
Jan Økland
Karianne Dalland Nesse
John Ingolf Kongsvik, 1.vara

 

Onarheim sokneråd
Magne Storesætre, leiar
Grethe Barmen
Turid Pollestad
Solfrid Marita Jekteberg Bakke
Leif Magne Hovland
Åshild Matre
Renee Kristin Bondevik, 1.vara
 

Om kyrkjene


 Reksteren
Spørsmålet om kyrkje på Reksteren kom opp i samband med flyttinga av Tysnes kyrkje i 1905. I 1915 fekk Bruntveit nytt skulehus, og dette vart godkjent til kyrkjeleg bruk. Men huset vart forlite, og etter mykje att og fram vart grunnsteinen til ei ny kyrkje nedlagt 17.mai 1936.
Byggjearbeidet gjekk snøgt, og 28. januar 1937 vart kyrkja vigsla av biskop Fleischer.

 
  Uggdal
Den eldste kyrkja me kjenner til i Uggda, er ei tømmer kyrkje frå 1600-talet.Ein rekner med at denne kan ha avløyst ei stavkyrkje frå mellomalderen. Den gamle kyrkja var i bruk til 1875. Ho stod like ved der den noverande kyrkja står. 31.mai 1876 vigsla biskop Birkeland den nye kyrkja på Myklestad.

  
 Onarheim
Den fyrste kyrkja som me veit om på Onarheim var ei steinkyrkje, den var truleg reist på 1300 talet. 31.august 1889 gjorde soknestyret vedtak om bygging av ny kyrkje. 3.mars 1891 la ordføraren fram teikningar av den nye kyrkja. Fredag 7.juli 1893 vart kyrkja vigsla av biskop Hvoslef.

  
 Tysnes
Dei fyrste kyrkjene stod på Tysneset. Der kan me framleis finna merke etter gamle grunnmurar, og der er og ein gravplass. Den eldste kyrkja har nok vore ei stavkyrkje.
Den kyrkja som no står på Gjerstad, vart og fyrst oppsett på Tysneset i 1868. Byggjearbeidet i høve flyttinga til Gjerstad vart starta i 1905, og ferdig 1906. Den 27. sepember 1906 vart kyrkja vigsla av biskop Erichsen

  

Om gravplassene

Kolera-gravplassane
Kolera-epedemien i 1849 førde til at det vart 3 nye gravplassar. Den eine var på Hamarhaug for Onarheim, den andre på Sæ for Uggdal og den tredje på Dukanes på Tysnes for Tysnes sokn.Stadane vart utpeika og teken i bruk då epedemien kom, sidan vart det tinga med eigarane om grunn. Rundt kvar gravplass vart det sett på steingjerde. I alt vart 22 menneske gravne på desse kolera-plassane, frå januar til mars 1849.


Hope kyrkjegard

Hope kyrkjegard på nord Reksteren vart skild ut og teken ibruk kring 1890, og fullgroven kring 1920. Kyrkjegarden vart ikkje vedlikehalden på mange år, og ettersom det er ein "skogskyrkjegard" vart den sterkt tilgrodd. Steingarden rundt kyrkjegarden og klokkehuset er i rimeleg god forfatning. Dei fleste gravminna er skada. I 1992 gjorde Kyrkjeleg Fellesråd vedtak på at Hope kyrkjegard vert nedlagt. Etter eit stort dugnadsarbeid av lokale entusiastar der kyrkjegarden vart rydda og vølt vart Hope kyrkjegard markert som eit historisk minnesmerke og ein freda stad september 2013


Tysnes gamle gravplass
Denne gravplassen ligg ute på Tysneset, og vart nytta frå gamal tid i samband med kyrkjene som har vore der. Denne gravplassen er framleis nytta av dei som føler tilknytning til staden.


Onarheim kyrkjegard
Ein kjenner ikkje til kva tid denne kyrkjegarden vart teken i bruk. Gravprotokollen for Onarheim kyrkjegrad er ført frå 1902, men ein veit at kyrkjegarden var i bruk lenge før dette. Den eldste delen av denne kaldt "Vossabakken" er no freda, og inneheld graver frå 1700 talet, m.a. grava til Claus Pavels Riis og futegraver frå Hammarhaug. Gravplassen vart utvida i 1954 og i 1969.


Uggdal kyrkjegard
Ein kjenner heller ikkje til kva tid denne kyrkjegarden vart teken i bruk. Gravprotokollen for Uggdal kyrkjegrad er ført frå 1900. Gravplassen vart utvida i 1960 og i 1986.


Gjersvik gravplass
I 1907 kom spørsmålet opp i Tysnes sokn om ny gravplass for Gjerstadkrins. Dette førde til innkjøp av 1 mål jord hos Andreas Gjersvik, og gravplassen vart teken i bruk frå 1910. Etter at kyrkjegarden ved Tysnes kyrkje vart teken i bruk i 1949, har denne gravplassen vore lite nytta.


Humlevik gravplass
I 1889 vart det vedteke å kjøpa inn 2 mål jord hos Peder Gitlesen Humlevik til ny gravplass. Gravplassen vart i byrjinga nytta av Tysnesbygdo og, fyrste registrerte gravferd var i 1900, men kan truleg vera teken i bruk nokre år før dette.


Amland gravplass
Gravplassen på Amland vart teken i bruk i 1930


Flatråker gravplass
I 1921 vart Flatråker gravplass ferdig, og Uggdal fekk sin fyrste hjelpekyrkjegard.


Sør-Reksteren gravplass
Gravplassen på Sør-Reksteren vart ferdig til bruk i 1930, før denne tid nytta folket på Sør-Reksteren gravplassen ved Uggdal kyrkje.


Bruntveit kyrkjegard
Bruntveit kyrkjegard vart teken i bruk i 1922, den vart seinare utvida i 1986.


Tysnes kyrkjegard
Under siste krigen vart det teke opp arbeid for å få kyrkjegarden i Tysnesbygda lagd til kyrkja på Gjerstad. Den eldste delen av kyrkjegarden vart teken i bruk fyrste gong i 1949, og seinare vart det også utvida på oppsida av kyrkja. Denne gravplassen vart fyrst gong teken i bruk i 1993.
Ny parsell av Tysnes kyrkjegard vart vigsla av prost Theodorsen i juni 2010.
 
Digitalarkiv

Kyrkjegardsvedtekter

23. oktober 2018 | Logg inn | Copyright 2013 Tysneskyrkjelydane Powered by Agrando